Med juss og joik

Tekst og Foto Liv Hatle
ÁNDE Somby er fødd og oppvaksen i Sirbma i Aust-Finnmark. Han er jurist, og er for tida stipendiat ved universitetet i Tromsø, der han er i gang med ei doktor-avhandling. Under Nana-festivalen held han joikekonsert.

Eg slår telefonnummeret til Ánde Somby, og ein automatisk telefonsvarar gjev meg ein joik til svar. Melodien er tradisjonell samisk, men teksten er engelsk og fortel at han vil ta kontakt dersom han får eit telefonnummer.

Han tek kontakt, og vi møtest i Storgata i Tromsø.

- Det er vel og bra at joiken har kome seg ut av gjetartelta og fått plass i konsertsalane våre, men å joike i ein telefon på juridisk fakultet, er ikkje det å gå for langt? Eller er du så avhengig av joiken, at du ikkje kan ta ein pause i arbeidstida ein gong?

- Det stemmer. Eg er avhengig av joiken, og det er ikkje å gå for langt. Det er ikkje å gå avvegar, men å gå inn til kjernen det som eg held på med.

- Men er ikkje du i gang med ei doktoravhandling?
Ánde Somby kjenner at han har ein kompetanse med med seg frå joiketradisjonen og forteljetradisjonen han vaks opp med.

- Nettopp. Og i denne avhandlinga har joiken saman med forteljetradisjonen ein viktig funksjon. Emnet mitt er juss som retorikk, og handlar om møtet mellom munnleg og skriftleg informasjon i rettssamanheng. Juss er teksttolking. Jussen spør etter ein tekst å tolke. For å kunne dømme i ei sak, må det finnast informasjon, og denne informasjonen vert gjeven gjennom tekst, som kan formidlast munnleg eller skriftleg. Det er det vi kallar rettskjelder.

Å skulle skape ein samisk stat på etnisk grunnlag, ville vere absurd. Alle samfunn, og det samiske, må i framtida vere fleirkulturelle.

- Kvar plasserer du joiken midt i dette?

- Joiken er berar av informasjon.

I joiken kan du finne informasjon om alt som joikande menneske har vore i kontakt. Det vil i denne samanhengen seie det som har vore viktig i det samiske samfunnet.

- Du arbeider altså ut frå samisk ståstad?

- Både ja og nei. Eg er utdanna jurist ved Universitetet i Oslo, og har studert norsk lov. Samstundes har eg med meg den samiske bakgrunnen min, som eg dreg nytte av i dette arbeidet, men det er ingen ting i vegen for at det samiske kan bli universelt.

Munnleg informasjon

- I det samiske samfunnet har vi hatt andre former for organisering av informasjon enn dei vi finn i norsk rettstradisjon, som er mykje lik den tyske. Norsk rettstradisjon byggjer mest på skriftleg informasjon, medan den samiske i hovudsak byggjer på munnlege.
Informasjonen har blitt teken vare på gjennom joiken og forteljingane. Samar og nordmenn har lenge levd i lag i den same staten, men samisk språk har ikkje blitt nytta i statsadministrasjonen, ja, er faktisk nokså nytt som skriftspråk. Såleis har samane blitt haldne utanfor den skriftlege informasjonstradisjonen. Difor må vi gå til munnlege kjelder for å hente informasjon. Så møter vi problemet: Den munnlege informasjonen vert ikkje tillagt same vekt som den skriftlege. Fylgjene vert samane den tapande parten i møtet med storsamfunnet, seier Somby.

- Kva har så vore samisk taktikk i dette?

- Det har vore å spore opp noko skriftleg. Lat meg ta eit døme: Ein konge har på 1600-talet skrive noko om ei elv og om dei som har fiska i denne elva. Eit slikt brev kan då tolkast slik at desse fiskarane har skapt hevd for fisking der for si gruppe. Ein slik brevtekst kan bli teken på alvor av rettsapparatet, men ein joik som har langt fyldigare opplysningar om elva og om dei som gjennom tidene har fiska der, ikkje blir det. Det trass i at det kan vere mange som har joika den same elva, og at informasjonen difor kan kryssjekka. Denne uretten er ikkje samane aleine om. Det er og andre grupper i landet som har ein forteljetradisjon, og difor sit inne med viktig informasjon som rettsstellet burde gjere seg kjent med.

- Så du samanliknar joik og forteljing med lovtekst?

- Ja, samstundes som eg er fullt merk-sam på den stilistiske skilnaden. Fortel-jinga er prega av implisitet, medan lovtek-sten er prega av eksplisitet, men desse to stilistiske strategiane bør sidestellast.

- Det vil krevje utvida tekstkompetanse hjå juristane.

- Ja. Og her kjenner eg at eg har ein kompetanse som eg har med meg frå joiketradisjonen og forteljetradisjonen som eg vaks opp med. I arbeidet med doktor-avhandlinga brukar eg meg sjølv både som informasjonskjelde og som referansebotn.

- Du gjev deg altså ei dobbeltrolle.

- Ja. Og eg er ikkje redd denne dobbeltrolla. Eg har inga tru på at juridisk forsking kan kome fram til objektive resultat. Juss handlar om menneskelege relasjonar, der menneska er aktørane. Eg trur ikkje at eg kan ver eit Guds auga som ser det heile utanfrå. Men eg seier frå om at eg har dei ulike rollene. Jusen må vere humanistisk, og juristen eit medmenneske.

Samerett

- Anten du kallar deg jurist eller medmenneske, så kan du vel ikkje unngå å involvere deg i drøftingane omkring samane sine rettar.

- Nei, og eg vonar at det teoretiske arbeidet som eg no er i gang med kan vere med på å kaste nytt lys over ein del saker, meinar Somby.

- Dette med samisk stat har vore mykje nytta som ei skræmsle. På 1970-talet då vi fekk dei første samiske akademikarane, var det mykje smerte. Dei hadde opplevd den harde fornorskingspolitikken, og det var behov for hemn over det norske storsamfunnet. Det skapte ulike utslag. I dag er vi komne eit stykke lengre, og hatet er noko vi kan byrje å leggje bak oss.

- Men statstanken?

- Statsdanning på etnisk grunnlag er noko som høyrer fortida til. Det var grunnlaget for danninga av dei europeiske statane ein gong, men dei kan heller ikkje lenger vere såkalla «reine» etniske område. Kvifor skulle vi samar bruke tid og krefter på noko som er så fullstendig passé? Å skulle skape ein samisk stat på etnisk grunnlag, ville vere absurd. Alle samfunn, og det samiske, må i framtida vere fleirkulturelle.