Sensorrettleiing, Det juridiske fakultet, universitetet i Tromsø

 

3 teori, 4 eksamensdag, på 3. avd. 11.05.2001:

Forholdet mellom rettskildefaktorene lov og rettspraksis (bokmål)

Tilhøvet mellom rettskjeldefaktorane lov og rettspraksis (nynorsk)

 

Pensumsituasjonen i faget Rettskjeldelære på 3 avd. er svært oversiktleg, og tilrådd litteratur er som følgjer:

Torstein Eckhoff:        Rettskildelære (1997), med unnatak av kapittel 6, 8 og 12 (generell rettskjeldelære)

Mads. H. Andenæs : Rettskildelære (1997) kapittel 1, del III, kapittel 19 og 21 (om den plass kontrakt og kontraktspraksis har i rettskjeldelæra)

Finn Arnesen:             Introduksjon til rettskildelæren i EF (1995) s. 10-72 (om rettskjeldene i EU-retten, og ein gjenomgang av rettskjeldebruken til EU-domstolen)

 

Oppgåveteksten er formulert med særleg tanke på den materien som Eckhoff presenterer i

kapittel 1-5 og 7, men det som er sagt i kapittel 9-11 og 13-14 har òg ein viss relevans.  Tanken er at kandidatane skal kunne dra veksel på det meste av den kunnskapen dei har tileigna seg i faget.  Kapittel 8 i læreboka til Eckhoff  om Domstolenes rettsskapende virksomhet er ikkje tilrådd litteratur.  I dette kapittelet finn ein særlege referansar til den materien som oppgåveteksten bed kandidatane handsama.  Men dette kapittelet må sjåast på som eit samandrag av det som er sagt i dei føregåande 7 kapitla, og det står ikkje noko her som kandidatane ikkje alt bør ha slutta seg til.  Men det er viktig at ein under sensuren ikkje krev at kandidatane skal ha spissformulert seg med same presisjon som det vert gjort i kapittel 8, men heller legg vekt på at ein maktar å samanfatta og ordna den store materien i eit logisk samanhengane resonnement

 

Ordlyden forholdet mellom/tilhøvet mellom i oppgåveteksten skulle klart indikere at kandidatane skal gjera greie for samspelet og eventuelle konfliktar mellom dei to rettskjeldene som dominerer det norske rettskjeldebiletet i dag.  Men før kandidatane byrjar å handsama denne kjernen i oppgåva bør dei gjera greie for det totale rettskjeldebiletet, og kva ein meiner med termane lov og rettspraksis i ein rettskjeldesamanheng. 

 

Den rettskjeldelæra som Torstein Eckhoff presenterte i 1971 har gjennom undervisning og faktisk bruk vorte normert som gjeldande rettskjeldelære.  Men ei rad juridiske forfattarar har på ulike vis har justert og kome med kritiske kommentarar til denne rettskjeldelæra.  Det er svært positivt om kandidatane ser at rettskjeldelæra slik ein kjenner den i dag har kome til gjennom eit samspel mellom rettsvitskapen og domstolane sin praksis.  Det bør òg telja positivt om kandidatane kan setja rettskjeldelæra i samband med rettskjeldelæreprinsippa.  Begge desse fundamenta i den juridiske metoden har ein stor grad av relativitet, som vil seia at dei tener som utgangspunkt som vert modifisert og justert gjennom den faktiske bruken, og det bør telja svært positivt om kandidatane ser dette poenget.

 

Det kan vera at kandidatane alt i byrjinga av oppgåva vel å klargjere einskilde terminologiske spørsmål, og nedanfor er termane lov og rettspraksis særleg handsama.   Men det bør òg telja positivt om kandidatane ser at ein faktisk ikkje opererer med eit klart definert skilje mellom rettskjelde og rettskjeldefaktor.  Nils Nygard meiner at rettskjelde er primære rettsheimlar som lov, rettspraksis og sedvane, medan rettskjeldefaktor er sekundære rettsheimlar som avtale og det konkret rimelege.  Dette er ein distinksjon som har mykje for seg, men som samstundes vert akademisk ordkløyveri som ein ikkje kan venta at kandidatane kjenner til.

 

Eckhoff (s. 39) brukar termen lov som ein felles betegnelse på alle generelle bestemmelser som anses for rettslig bindende.  Han spesifiserer lov i den neste setning til å vera formelle lover som ein finn i samlinga Norges Lover, grunnlovsbestemmelser, forskrifter, generelle instrukser og visse generelle avtaler.  Kandidatane bør visa at dei ser at lov ikkje er ein einsarta materien, og at dei ullike delane av lovomgrepet har ein ulik status som rettskjeldefaktorar.  På det viset vil dei få fram at det ikkje er termen lov som har ein særleg status, men avgjersler som har eit særleg opphav.  Ein kan derimot ikkje krevje at kandidatane skal gå vidare på dette resonnementet og snakka om den særlege demokratiske legitimitet som lov har som rettskjelde.  Men resonnement som viser til denne problemstillinga er med å styrke oppgåva så lenge dei har ein proporsjonalitet som samsvarer med resten av oppgåva.

 

Eckhoff peikar sjølv på at det ikkje er vanleg å nytta termen lov i den ovanfor nemnte vide tydinga.  Det kan godt vera at kandidatane avgrensar seg mot å handsama anna enn bare lov i snever tyding (det materialet som ein finn i Norges Lover), for at oppgåva skal kunne få det format og den stringens som ei eksamensoppgåva skal ha.  Men dette er ikkje turvande.

 

Likeins bør kandidatane seie noko generelt om rettskjeldefaktoren rettspraksis.  Det er viktig av dei peikar på at praksis frå underrett, lagmannsrett og Høgsterett ikkje har same status som rettskjeldefaktorar.  Det er ei føremon om kandidatane seier noko om kvifor rettspraksis er ei rettskjelde, og mellom anna viser til dei rettssamordnings- og effektivitetsomsyn som er med å grunngje prejudikat sin posisjon innan det norske rettskjeldebiletet.  Det bør òg telja positivt om kandidatane nemner at rettspraksis ikkje til alle tider har vore ei uttalt rettskjelde, og at det faktisk er fyrst med Eckhoff at rettspraksis oppnår sin noverande status gjennom at han tufter heile rettskjeldelæra på Høgsterett sin praksis.

 

Oppgåveteksten opnar for at hovuddelen av oppgåva, der tilhøvet mellom lov og rettspraksis vert drøfta, kan disponerast på ulike måtar.

-         Ein kan fyrst handsama lov som rettskjeldefaktor, deretter rettspraksis på same viset, for til slutt å samanhalda dei. 

-         Ein kan spalte rettskjeldene lov og rettspraksis opp i mindre einingar og samanhalda desse.  Til dømes kan ein handsama korleis lov og rettspraksis kjem til, kva omsyn ein legg vekt på når elementa i desse rettskjeldene vert skapt, kva faktorar som gjev dei status som rettslege kjelder, kor stor grad av fleksibilitet dei har, korleis dei vert endra, etc.

-         Ein kan ta som utgangspunkt at lov og rettspraksis eksisterer i ein symbiose prega av samspel, men til tider og av motsetnader.  Sentralt i ein slik innfallsvinkel til problematikken vil vera spørsmålet om realisering av lovgjevar sin intensjon gjennom tolking av ordlyden, og tilpassing av generelle reglar til saksspesifikke tvistar.

-         Til sist kan ein disponera oppgåve med utgangspunkt i rettskjeldeprinsippa relevans, tolking og harmoniseirng.  Denne krevjande infallsvinkelen er omtalt heilt sist i denne rettleiinga som eit eige punkt.

 

Det er innhald i oppgåvesvaret, og ikkje disposisjon av materien som er avgjerande for vurderinga til sensor.  På den andre sida kan disposijsonsmåten vera eit moment som understrekar den grad av oversikt over og innsikt i rettskjeldeproblematikken som kandidatane elles gjev til kjenne.  Slik kan disposisjonsmåten vera med å forsterke eit slett eller godt inntrykk.. 

 

Det er viktig å vera klar over at Eckhoff i stor grad tek utgangspunkt i rettskjelda lov når han handsamar rettskjeldeproblematikken.  For Eckhoff er den viktig å preika på korleis rettsbruken formar og dels endrar innhaldet i lovreglar og heile lover.  Bare i liten grad vert det eksplisitt peika på rettspraksis sin plass i rettsbruken og rettsbrukshierarkiet.  Men når Eckhoff illustrerer sine mange poeng, så er det med dømer frå rettspraksis, og heile rettskjeldelæra han er bygd opp medpraksis til Høgsterett som utgangspunkt.  Det bør telja positivt om kandidatane viser at rettspraksis saman praksis til andre myndigheiter, bransjekutyme og sedvane utgjer ei heil gruppe med rettskjeldefaktorar tufta på rettsbruk, men at rettspraksis har ein særleg stilling innan rettsbruken.  Det vil vera ytterlegare ei føremon om kandidatane ser korleis rettskjeldefaktoren rettsoppfatninger, og då særleg innan rettsvitskapen, spelar på lag med rettspraksis som rettskjeldefaktor gjennom at rettspraksis er med å skapa rettsoppfatning, og rettsoppfatning kan vera med å påverka rettspraksis. 

 

I alt for stor grad vert rettskjeldematerien forstått som absolutt, noko som kanskje skuldast måten rettksjeldeundervisninga har vorte lagt opp på over lang tid.  Vilje til å problematisere materien bør telja positivt, og problematisering skal vege opp for manglar i den faktiske kunnskapen.  Men problematiseringa bør vera knytt opp til sentrale aspekt ved rettskjeldeproblematikken som til dømes forutberegnlighet og det konkret rimelege. 

 

Som alt sagt tidlegare kan kandidatane dra vekslar på store deler av pensum i faget.  Difor er det viktig at dei ulike momenta som følgjer nedanfor verken vert oppfatta som kumulative eller uttømmande.  Intensjonen er bare å visa til moment som kandidatane godt kan handsama.

 

Lov er utarbeidd gjennom ei særleg autorisert prosess som er føreskriven i Grunnlova, medan rettspraksis som rettskjeldefaktor snarare hentar sin status frå omsynet til rettssameining og effektivitet.  Dette leier vidare til at lov kjem til etter ein lang, oversiktleg og omstendeleg prosess der kvar einskild lovregel i høve til dei andre reglane i same lov, og lova i høve til den rettslege ståa generelt vert vurdert for å sikra ein heilskap.  Rettspraksis er svar på eit konkret behov for å få ei løysing på ein tvist.  Sjølv om Høgsterett òg gjer heilskapsvurderingar, spelar dei ei langt mindre rolle enn kva som er konkret rimeleg.  Det bør telja positivt om kandidatane ser at lov fyrst og fremst ivaretek forutberegnlighet og rettspraksis det konkret rimelege, og at dei slik saman sikrar realisering av dei to viktigaste rettstryggleiksverdiane.

 

Dette leier vidare til at lov er generelle avgjerder, medan rettspraksis er spesielle.  Det vil seia at lov er utvirka med eit ideelt utgangspunkt, og avgjer korleis lovgjevar tenkjer seg at rettssituajsonen bør vera generelt.  På den andre sida er rettspraksis knytt til eit særelg faktum, og slik avgjer korleis rettssituasjonen reelt bør vera i dette konkrete tilfellet. 

 

Det vil vera ei føremon om kandidatane ser at det er problematisk å nytta rettspraksis som rettskjelde fordi den er så knytt til det saksspesifikke.  Til tider er rettspraksis meint å slå fast prinsipp eller å peika på større linjer, men ofte har rettsregelen som vert skapt bare validitet for den aktuelle tilfellet.  Difor har rettspraksis størst verdi når fleire dommar går i same retning, når faktum sin relevans vert utvida gjennom bruk av instituttet obiter dicta, eller når det eksplisitt vert sagt at dommen er utslag av eit særleg prisnipp av typen objektivt ansvar for farleg bedrift.  Det kan her vera på sin plass å peika på at det til ein viss grad er rettsvitskapen som gjennom si systematisering av rettspraksis gjer den til ei funksjonell rettskjelde.

 

Vidare vil det vera ei føremon om kandidatane peikar på at lov og rettspraksis har ei ulik stilling innan privatretten og den offentlege retten.  Einskilde område innan privatretten, som til dømes skadebotretten, er i stor grad tufta på rettspraksis, enten fordi det ikkje finst lovregulering, eller fordi slik regulering er tufta på rettspraksis. 

 

Eckhoff peikar på Lovspråkets vaghet og flertydighet, kap. 2 VI, konferer òg VII-VIII.  Under denne overskrifta handsamar Eckhoff at lover ofte ikkje regulerer alle tenkjelege typetilfelle innanfor sitt bruksområde, og at ein utstrekt bruk av omgrep gjer at lovreglar ofte har ein språkleg urforming som er vag og opnar for fleire mogelege tolkingar.  I kap. 2 IV peikar Eckhoff òg på at lovreglar må sjåast i samband med reglane i same lov spesielt, og i det totale lovverket generelt.

Årsaka er at lovgjevar ikkje kan fylla si rolle som samfunnsregulerar utan å gje generelle reglar med eit vidt bruksområde, og utan å gje spesielle lover som må sjåast i samband med kvarandre.  Alternativet ville vera å gjev lovreglar med ein heilt spesifikk ordlyd, og eit samla lovverk der alle rettsverkandar følgde umiddelbart etter sitt rettsfaktum.  Dette er ikkje praktisk mogeleg.

 

Når det gjeld lovspråket som vagt og fasettrikt, bør kandidatane få fram at dette kan oppfattast som både er eit problem og ei føremon.  Problemet kan vera at lovgjevar sin intensjon ikkje vert gjennomført i praksis.  Føremona er at lovreglar sitt innhald vert oppdatert etter som tida og tilhøve endrar seg.  Eit døme på dette er termen urimelig i avtalelova § 36, og ringakt etter straffelova § 142. 

 

Momenta som er nemnt ovanfor gjera at det ikkje kan vera eit 1:1 tilfelle mellom ein lovregel og ein rettsregel.  Denne problematikken er handsama i kap. 1 VI og kap. 5 om tolking.  Tanken er at den generelle lovregelen må tolkast før den kan nyttast på faktum gjennom subsumsjonsomgangen, og dette inneber eigentleg ein transformasjon frå det generelle til det spesielle.  Tolkinga skjer gjennom rettsbruken, og domstolane spelar i denne samanhengen ei viktig rolle. Vidare bør det seiast noko om korleis ordlyden i ein lovregel får meining gjennom dei ulike tolkingstypane presiserande, innskrenkande og utvidande tolking, og at rettspraksis slik representerer ei vidareutvikling av rettskjelda lov.  Det bør telja positivt om kandidatane ser at dei tre tolkingstypane representerer ein ulik grad av fridom i høve til lovgjevar sin intensjon:  

Presiserande og antitetisk tolking er presumptivt ein måte å ivareta den generelle intensjon til lovgjevar i det spesielle tilfellet, medan innkrenkande tolking er eigentleg å dispensere frå lov, og  utvidande tolking eigentleg er å gjev lov. 

 

Lovgjevar kan gje retningslinjer for tolkinga av lovreglar gjennom både føremålsparagrafar, noko som er handsama i kap. 4, og forarbeid, sjå kap. 3 I-VII, og etterarbeid, sjå kap. 3 IX.  Dette er verkemiddel for at ordlyden i lovreglar skal få sitt intenderte nedslagsfelt og sin intenderte verknad.  Det bør telja positivt om kandidatane ser at lovtekst, føremålsparagraf, for- og etterarbeid ikkje har same rettskjeldestatus.  Det vil seia at ein til dømes krev ein langt sterkare argumentasjon for at ein skal sjå bort frå ei naturleg forståing av ordlyden, enn det ein krev for å setje til side utsegn i lovforarbeid.

 

Det bør telja positivt om kandidatane peikar på at domstolane har andre rettskjelder å halda seg til enn lov, og at rettskjelda rettspraksis dermed byggjar på eit vidt spekter av rettskjeldefaktorar. 

 

Vidare bør det handsamast korleis rettspraksis kan setja til sides lov som rettskjelde.  Dette skjedde til dømes med Bidragspliktdommane av 1916 og 1921, og Ankeretten til sinnsjuke-dommen frå 1979. 

 

Som alt sagt i byrjinga må det her på slutten seiast noko spesielt om disponering av materien ut frå rettskjeldeprinsippa, som ein kan formulera som eit spørsmål om  relevans, tolking og harmonisering.  Eckhoff handsamar rettskjeldeprinsippa i kapittel 1.  Men dette er ei svært utilfredsstillande framstilling av ein kompleks og vanskeleg tilgjengeleg materie.  Difor er rettskjeldeprinsippa inngåande handsama både i førelesninga og manduksjonen i faget.  Dette kan likevel ikkje vege opp får at den tilrådde litteraturen etterlet dette temaet noko uklart, og ein kan difor ikkje krevje at studentane ser at ein òg kan sjå problemstillinga i oppgåveteksten i høve til dei ulike trinna i det juridiske resonnementet.  Samstundes bør ikkje  rettskjeldeprinsipproblematikken vera heilt forbigått.  Nokre aspekt ved denne problematikken er som følgjer:

-         Lov har ein generell relevans.  (Noko som Carl August Fleicher formulerer som at legelitetsprinsippet gjeld generelt).  Det vil seia at lov er ein faktor som ein alltid skal ta omsyn til når ein skal finna gjeldande rett.  Spørsmålet om relevansen til rettspraksis vil ofte vere relatert til spørsmålet om lovrelevansen.  Det vil seia at rettspraksis fyrst og fremst har relevans gjennom at den presiserer innhaldet i lov, eller fyller lovtomme rom.

-         Under tolkinga kan rettsbrukaren velje fleire framgangsmåtar som i ulik grad kan seiast å vera ei direkte vidareføring av lovgjevar sin intensjon med ordlyden.  Dette er omtalt ovanfor.  Viktig i denne samanhengen er at lov går frå å vera saksgenerell til saksspesiell gjennom tolkingsprosessen i rettsbruken, og nettopp dette markerer ein av hovudskilnadene mellom lov og rettspraksis som rettskjeldefaktorar, og korleis dei inngår i eit samspel.

-         I harmoniseringsomgangen vert dei ulike rettsreglane si vekt avgjort etter at deira spesifikke innhald er formulert gjennom tolkingsomgangen.  Her kan ein koma i den situasjonen at ein rettsregel leia ut av ei lov og eit prejudikat kan gje ulike løysingar på same tvisten.  Korleis skal ein slik konflikt løysast?  Her er det viktig at studentane ser at som oftast vil ein motstrid verta tolka bort i tolkingsomgangen.

 

Generelt kan ein seia at graden av problematisering og abstraksjon i disposisjonsmåten senkar kravet til mengda av moment som er handsama, og motsett. Men dette er bare eit utgangspunkt.