Uitø Hjem Fakultetet Student Forskning Uitø/Tromsø Linker   Forskning

 

UNIVERSITETET I BERGEN

CAND. JUR. EKSAMEN

4. avdeling våren 1996

Praktisk oppgave fredag 26. April 1996 kl. 09.00 - 18.00

I

Nynorsk

Hans Tastad blei i januar l 996 sett under tiltalte ved Lillevik heradsrett for å fellast etter straffelova § 3 l 7, første leden, for å ha teke mot eller skaffa seg eller andre del i utbytte av ei strafflagd handling eller ytt hjelp til å sikra slikt utbytte for ei annan.

Grunnlaget er fylgjande forhold:

Ein gong om hausten 1995 i Asveien i Lillevik kjøpte han ein VW Golf GT modell for kr.

15.000,- av ein person som han ikkje kjende. Etter at han hadde teke mot bilen forstod han at

den var stolen. Han tok likevel vare på bilen og plukka den frå kvarandre for å kunne bruka

delane.

Forsvararen til Tastad hevda under hovudførehavinga at forholdet ikkje går inn under § 317, første leden. Han nekta ikkje for at bilen var stolen. Etter forsvareren si meining måtte det vera avgjerane at Tastad hadde vore i god tru då han kjøpte bilen. Det var ikkje noko misforhold mellom prisen og den tilstand bilen var i . Aktor påsto då at Tastad i alle fall måtte dømmast for underslag. Forsvararen meinte på si side at retten ikkje hadde kompetanse til å dømma Tastad for underslag.

II

Tastad var gjennom hausten 1995 blitt engasjert i ein lokalpolitisk organisasjon med sterke nasjonale synspunkt. Den 12. februar 1996 reiste Tastad med bil frå Lillevik i retning Oslo. Meininga hans var å vera til stades ved ein radiostasjon der Blitz skulle halda demonstrasjon. Saman med dei politiske vennene sine skulle han «forsvare» radiostasjonen. På vegen skulle Tastad plukka opp to meiningsfellar i elt vegkryss utanfor Lillevik. Medan han sat i bilen på møtestaden og venta, kom eit par politimenn som kjende Tastad frå tidlegare. Del spurde kva han skulle. Tastad fortalde om turen til Oslo, og føremålet med den. Han fekk då ordre om å koma ut av bilen, og han blei ransaka. Under ransakinga fann politimennene i jakkelomma hans ein follekniv med eit 7 centimeters blad. Tastad forklarte til tjenestemennene at han ikkje var kjend med knivforbodet i strl. § 352a. Etter dette blei han pågripen, og plassert i baksetet på politibilen saman med ein sivilkledd politimann. Politimannen ga seg i snakk med Tastad, og ga han ein røyk. På veg til Lillevik lensmannskontor blei Tastad klar over at personen i baksetet var politimann. Tastad var då psykisk nedbroten etter pågripinga. Han la ut om forholda rundt køyreturen til Oslo, og det som hadde gått for seg i samband med bilkjøpet han var tiltalt for. Under køyreturen til lensmannskontoret i Lillevik var politimannen - lensmannsbetjent Nilsen - heilt tagall. Men på lensmannskontoret sette han opp ein rapport om samtalen.

Seinare blei det reist tiltale ved Lillevik heradsrett mot Tastad for at han skulle fellast etter strl. § 352a for forsettleg eller grovt aktlaust på offentleg stad å ha bore kniv eller liknande skarp reidskap som er eigna til bruk ved lekamskrenkjing, utan at denne blei boren i samband med arbeid, friluftsliv, eller anna aktverdig føremål.

Grunnlaget er fylgjane forhold:

Den 12. februar 1996 ca. kl. 1800 i bilen sin utenfor Lillevik, bar han ein follekniv med blad

på 7 cm, utan å ha aktverdig føremål for dette.

I oppgåva over prov frå påtalemakta blei lensmannsbetjent Nilsen ferd opp under vitne som

skulle avhøyrast Forsvararen for Tastad påstod tiltalte frifunnen for å ha handla i strid med

strl. § 352a. Han protesterte også mot at Nilsen skulle forklara seg. Forsvararen gjorde

gjeldande at påtalemakta tilbaud retten prov som var skaffa fram på ulovleg måte fordi Tastad

ikkje var gjort kjend med at han ikkje hadde plikt til å forklare seg for politiet, og fordi

ransakinga var ulovleg.

III

Peder Ås kjøpte landbrukseigedommen Gråskog i Utvik kommune i 1991. På Gråskog var det 15.000 mål med god granskog, 50 mål dyrka mark, eit par kilometer strandline, og Utviksholmen på ca 50 mål grasmark. Eigedommen var konsesjonspliktig og konsesjon blei endeleg gitt av departementet i 1994. Det blei sett slikt vilkår for konsesjonen: «Det blir sett som vilkår at Utviksholmen blir fradelt og skøytt til gardbruker Lars Holm som eigar av garden Ullhaug, mot betaling av takst, jfr. konsesjonslova § 9, jfr. § 8 nr. 4.» Heilt fra salet gjekk for seg hadde Lars Holm halde kontakt med konsesjonsstyresmaktene for å oppnå nettopp dette. Det var meininga hans å nytta Utviksholmen som supplement til sine eigne 150 mål sauebeite. Holm dreiv berre med sau.

Av grunngjevinga for vedtaket gjekk det m.a. fram:

«Den økonomiske drift av Gråskog er basert berre på tømmersal. Det dyrka arealet blir periodevis nytta til potetproduksjon, med låg avkasting. Ullhaug er ein liten gard, på 150 mål beitemark og vedskog. Eigedommen er knapt skikka til anna enn sauehald. Utviksholmen vil utgjera eit viktig tilskott til Ullhaugs næringsgrunnlag, og gjera Ullhaug skikka til eigen driftseining. Utviksholmen ligg like utanfor Ullhaug, medan det er nær 20 km gardsveg frå bruket på Gråskog til Utviksholmen.»

Peder Ås reiste sak for Oslo byrett mot departementet og Lars Holm, med påstand om at vilkåret skulle kjennast ugyldig. Han heldt fram at det ikkje ville vera forsvarleg landbrukspolitikk å redusera Gråskogs næringsgrunnlag for å betra tilhøva på elt så lite bruk som Ullhaug. I framtida ville det likevel knapt ha livets rett. Sjølv hadde han ved kjøpet lagt vekt på at Utviksholmen med tida kunne nyttast til turistformål. Vilkåret hadde difor mykje åseie for hans planar med eigedomen Gråskog.

Staten ved Regjeringsadvokaten hevda at Oslo byrett ikkje kunne vurdera saka på det grunnlag Peder Ås hadde påstått, og at saka difor måtte avvisast. Desom saka skulle bli fremja, påstod Regjeringsadvokaten at staten måtte frifinnast. Videre blei det hevda at retten i alle fall ikkje kunne kjenna ugyldig berre dette eine vilkåret. Dersom retten reagerte mot dette vilkåret, måtte den kjenna heile vedtaket ugyldig, med den fylgje at departementet måtte handsama saka på ny. Lars Holm hevda på si side at søksmålet måtte avvisast så langt det galdt han.

Drøft dei materielle og prosessuelle spørsmåla som oppgava reiser.

 
Til toppen av siden

Hjem Fakultetet Student Forskning UiTø/TromsøLinker
Kommentarer og spørsmål kan sendes til
www.jus.uit.no