![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
![]()
Jusstudiet er adgangsregulert. Reguleringen gjeld opptak til 1. avdeling jus (grunnfag) og til profesjonsdelen (2. - 4. avdeling) jus. OPPTAK TIL GRADEN CAND JUR 1. avdeling jus/jus grunnfag - graden cand. jur. Siste opptak til 1. avdeling jus i cand. jur.-studiet var hausten 2002. Masterstudiet Opptaket til masterstudiet vil bli ein gong om året, og gjeld for masterstudiet. Søknadsfrist 15. april. Første opptak blir til hausten 2003. Opptakstalet er sett til 100 studentar. Inntil 66% av plassane er reserverte for søkarar frå Nord-Norge. Resten av plassane blir tildelt søkarar frå heile landet. Denne kvoten kan bli endra. Det er sett av ei kvote på inntil 3 plassar for samiske søkarar. Bruk samordna opptak (SO) sitt søknadsskjema, som du får tak i her: http://www.jus.uit.no/student/opptak.html hjå studieavdelinga eller på fakultetet. Nærare opplysningar om masterstudiet finn du her: http://www.jus.uit.no/fakultetet/kvalitetsformen.html VELKOMMEN SOM SØKAR PÅ MASTERSTUDIET! OPPTAK
TIL PROFESJONSDELEN (2.-4. AVDELING JUS)
Opptaket til 1. avdeling jus i dagens studiemodellgjeld berre for den avdelinga. Viss du vil halda fram med jusstudiet, må du søka om opptak til profesjonsstudiet. Det same gjeld om du har avbrote jusstudiet, og vil begynna på nytt. Opptaket gjeld altså for 2.-4. avdeling, og vi kjem til å ta opp studentar til profesjonsstudiet to gonger til: hausten 2003 (søknadsfrist 15. april), og våren 2004 (søknadsfrist 1. november 2003). Bruk universitetet sitt søknadsskjema, som du får tak i hjå studieavdelinga eller på fakultetet. Opptakskravet
er 1. avdeling jus frå Det juridiske fakultetet ved Universitetet i
Tromsø eller Universitetet i Bergen, eller offentleg rett grunnfag frå
Det juridiske fakultetet, Universitetet i Oslo. Dersom det er fleire
søkarar enn plassar, vert søkarane rangert etter karakteren. Til
søkarar som har starta studiet i Bergen/Oslo: NB! Ver merksam på at dei som tek til på 2. avdeling no, vil få gå over til masterstudiet frå 3. avdeling, og dermed vert studietida eitt semester kortare. VELKOMMEN
SOM SØKAR PÅ PROFESJONSSTUDIET! Jur fak 15.01.03, Olaug Husabø
|